Vigra Kringkastar freding

 

Vigra Kringkastar freding



Ei blomster-takk frå Giske kommune for langvarig kamp for freding av Vigra Kringkastar. Ola Hjelen og leiaren for kultur i MR-fylkeskommune møtte i Giske kommunestyret 14. november. Ola Hjelen orienterte om fredingssaka og eg fekk ha ein apell. Det enda med eit samla kommunestyre som støtta freding av Vigra Kringkastar. Ei viktig støtte til Riksantikvaren. Eg håper inderleg at  Telenor kan vise samfunnsansvar og godta freding av si eiga nasjonale analoge kringkastingshistorie. Staten eig 54% av aksjane i Telenor og 100% av NRK. Staten har hovudansvaret for å ta vare på vår nasjonale krigshistorie som også Vigra Kringkastar er ein viktig del av.  Studioet og statens informasjonskontoret på Latinskulen, lytteposten på Fjellstova og radioprogrammet med opning av "nye Vigra Kringkastar"  blei sendt frå Løvenvold Kino i Ålesund. Vigra Kringkastar var berre sjølve "tale-røret". Ei stor takk for støtte frå telepensjonistane i Ålesund og Molde og vårt felles blad for alle telepensjonistane - Telepensjonisten.

mvh Jon Hildre

Kan dere formidle takka til Telepensjonisten som har vore ein svært viktig støttespelar.   ---  Link Telepensjonisten   ---